Etter lette i restriksjonane og etter dialog med smittevernlegen i Kvinnherad er vi glade for igjen å kunne invitere til konsert på Halsnøy kloster!
Klostertrio framfører konserten «Elsk og himmellengt» på Halsnøy Kloster fredag 26. februar kl. 18.00 .

foto: Øyvind Hjelmen
Bill kr 200, konserten varer ein time.
Det er kun sal av billettar på nett og lenke til billett finn du nedst på sida.
Om konserten:
Vestlendingen vert gjerne oppfatta som innadvendt og pragmatisk. Men bak fasaden bankar eit varmt hjarte. Konserten «Elsk og himmellengt» viser at lidenskapen til menneske og Gud finst overalt i den vestnorske diktinga og musikken.
Arrangementet vil sjølvsagt fylgje dei gjeldande smittevernsreglane. Sunnhordland museum og Klostertrio starta med julekonserten før jul i 2020 eit samarbeid om å utvikla Halsnøy Kloster sin musikalske profil. I tillegg til å delta sjølv, ynskjer me å invitera kolleger til å ha konsertar og seminar. Me har kalla prosjektet «Klosterakademiet».
Uteområdet, ruinane og våningshuset inviterer til mange ulike musikalske uttrykk, som både er knytt til vår lokale histore, men som også har referansar til andre stader og andre tider.
Først ut er vår eigen konsert «Elsk og himmellengt». Denne var faktisk framført i Grønastovo på forsommaren i fjor, men utan publikum. Me gler oss til å framføra vakker musikk av ma. Grieg, Tveitt og Schubert i våre særprega arrangement for trøorgel, piano og song for eit levande publikum.
Neste:
Klosterakademiet vil, i samarbeid med Sunnhordland museum /Halsnøy kloster på Klosterdagen,13. juni 2021, presentera Solveig Sørheim
sitt arbeid med å samla den vokale folkemusikken frå Etne i bilete, ord og musikk.