På øya Halsnøy i innløpet av Hardangerfjorden, Kvinnherad kommune ligg ruinane etter eit Augustinerkloster bygd kring 1300. Men klosterdrifta på staden kan sporast attende heilt til 1100-talet.
Halsnøy Kloster er i dag eit av fleire historiske tun i Sunnhordland museum sine samlingar og blir drifta som eigen avdeling, som museum og ein aktiv kulturarena. Museet har ein tilsett i 70 +30 prosent stilling, Helén Petersen, som syter for å organisera dei ulike aktivitetane, mens musèet sin øvrige tilsette tek seg av den musèale delen. Gjennom heile året finn du små og store tilskipingar som omvisingar, utstillingar, føredrag, konsertar og den årvisse «klosterdagen» med rikt program for store og små. Museet har eigne undervisningsopplegg for skulane.
Det er også mogleg å leiga lokale på Halsnøy kloster til møte og andre arrangement. Klosteret er godkjend som vigslingsstad, og blir brukt både av Den norske kyrkja og Human-etisk forbund.
Kontordagar er tysdag, onsdag og torsdag,med utvida opningstider i sommarsesongen. Då ein også utanom sesongen har arbeid andre stader er det lurt å ringe for avtale. Ta kontakt for eventuelle omvisingar og anna.
Halsnøy Kloster er også del av Riksantikvaren sitt ruinprosjekt, som går fram til 2020.