
Då har vi byrja eit nytt år. Ut januar vert det nok mest heimekontor også for oss på museet, men vi gler oss til å setja i gong det nye året, innanfor dei restriksjonar som til ei kvar til vil ligge føre.
Allereie i februar kan vi gle oss til konsert i stovene med Klostertrio og vi stasar på at vi skal kunne ha ope påskehus i år.
Følgj med på kalenderen vår der ting vert lagt ut så snart dei er klare.