OBS! OBS! Sunnhordland museum vurderer situasjonen knytt til koronaviruset fortløpande. Vi har difor stengt alle våre avdelingar for publikum.
Våre medarbeidarar vil framover ha heimekontor og er mogleg å kontakta pr. telefon eller e-post.
Det vert ingen arrangement ved avdelingane våre i alle fall dei neste 3 vekene
Dette betyr for Halsnøy kloster sin del at alle påskearrangement med utstilling, konsert og ope påskehus utgår.
Dette er og i samråd med kunstnarar/musikarar som skulle komme.
Dei som har førehandskjøpt billettar vil sjølvsagt få dette refundert så snart som mulig.
Ta vare på kvarandere og følg råda frå myndigheitene.
Med helsing Linda Øen, direktør